top of page
Elsikkerhet Vest på bedrifsbesøk.png

Sjekklister for verksemder

Sjekklister og dokumentasjon

Her finn du sjekklister og dokumentasjon til bruk ved kontroll og internkontroll i verksemder.

Dokumenta kan nyttast som støtte i arbeidet med rutinar, kontroll og oppfølging av elektriske anlegg og elektrisk utstyr.

Dokument

• Sjekkliste for internkontroll
• Sjekkliste før kontroll
• Anna dokumentasjon

Rolle og ansvar

Elsikkerhet Vest (SKS) utfører tilsyn med elektriske anlegg på vegne av det lokale eltilsyn (DLE).

Tilsynet blir gjennomført med heimel i lov og forskrift, og kan gi pålegg dersom krav i regelverket ikkje er oppfylt.

Tilsynsmyndigheita har rett til tilgang til anlegg i samsvar med gjeldande regelverk.

Regelverk

Tilsynet er regulert gjennom:

  • el-tilsynslova

  • forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (FEL)

  • internkontrollforskrifta

  • forvaltningslova

Kort forklart:

  • eigar eller brukar har ansvar for at anlegget til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand

  • verksemder skal ha dokumentert internkontroll

  • tilsynsmyndigheita har rett til tilgang til anlegg

  • det kan bli gitt pålegg ved avvik

Rettar

Under tilsynet har ein rett til:

  • å få informasjon om kva som blir kontrollert

  • å vere til stades

  • å uttale seg i saka

  • å få innsyn i dokument

 

Det er også mogleg å klage på vedtak innan fastsette fristar.

Definisjonar

Avvik:
Manglande etterleving av krav fastsett i regelverket

Anmerkning:
Forhold det er grunn til å peike på, men som ikkje er avvik

Informasjonsarbeid

Ein viktig del av arbeidet er å bidra til auka kunnskap om elsikkerheit.

Dette omfattar:

  • undervisning i skule (6. og 9. trinn)

  • informasjon til vidaregåande skular

  • opplæring og rettleiing for ulike målgrupper

Auka kunnskap bidreg til tryggare bruk av elektrisitet og færre uønskte hendingar.

Elsikkerhet Vest AS er eit sakkyndig selskap eigd av følgjande nettselskap:

bottom of page