top of page
ELsikkerhet Vest etterforskning.png

Brannutredning

Ved brann eller hendingar der elektriske anlegg kan vere årsak, kan det vere behov for fagleg vurdering. 

 

Som ein del av det offentlege tryggleiksarbeidet bistår vi politiet med elektrotekniske utredningar etter slike hendingar. Dette gjer me på vegne av det lokale eltilsynet (DLE) i ulike nettselskap.

Dette arbeidet omfattar:

  • vurdering av elektriske forhold

  • bistand ved undersøking av årsak

  • samarbeid med relevante instansar

Rett vurdering av årsak gir grunnlag for læring og vidare førebygging.

Rettar

Under tilsynet har ein rett til:

  • å få informasjon om kva som blir kontrollert

  • å vere til stades

  • å uttale seg i saka

  • å få innsyn i dokument

 

Det er også mogleg å klage på vedtak innan fastsette fristar.

Definisjonar

Avvik:
Manglande etterleving av krav fastsett i regelverket

Anmerkning:
Forhold det er grunn til å peike på, men som ikkje er avvik

Informasjonsarbeid

Ein viktig del av arbeidet er å bidra til auka kunnskap om elsikkerheit.

Dette omfattar:

  • undervisning i skule (6. og 9. trinn)

  • informasjon til vidaregåande skular

  • opplæring og rettleiing for ulike målgrupper

Auka kunnskap bidreg til tryggare bruk av elektrisitet og færre uønskte hendingar.

Rolle og ansvar

Elsikkerhet Vest (SKS) utfører tilsyn med elektriske anlegg på vegne av det lokale eltilsyn (DLE).

Tilsynet blir gjennomført med heimel i lov og forskrift, og kan gi pålegg dersom krav i regelverket ikkje er oppfylt.

Tilsynsmyndigheita har rett til tilgang til anlegg i samsvar med gjeldande regelverk.

Regelverk

Tilsynet er regulert gjennom:

  • el-tilsynslova

  • forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (FEL)

  • internkontrollforskrifta

  • forvaltningslova

Kort forklart:

  • eigar eller brukar har ansvar for at anlegget til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand

  • verksemder skal ha dokumentert internkontroll

  • tilsynsmyndigheita har rett til tilgang til anlegg

  • det kan bli gitt pålegg ved avvik

ELsikkerhet Vest etterforskning  .JPG
ELsikkerhet Vest etterforskning .JPG
ELsikkerhet Vest etterforskning .png

Elsikkerhet Vest AS er eit sakkyndig selskap eigd av følgjande nettselskap:

bottom of page