top of page
Elsikkerhet Vest på sikring om oss.png

Kontroll av elektriske
anlegg sidan 2002

Vi arbeider på vegner av Det lokale eltilsynet (DLE)
for å sikre at elektriske anlegg i Vestlandet er
trygge og i samsvar med regelverket.

1 Elsikkerhet Vest Sikkerhet stikks.png

Kva gjer vi?

Under kontrollen går vi gjennom anlegget og gir rettleiing om kva som må utbetrast, og korleis elsikkerheita kan ivaretakast.

​

Som sakkyndig selskap gjennomfører vi kontroll av elektriske anlegg på vegne av Det lokale eltilsyn (DLE) i ulike nettselskap

3 Elsikkerhet Vest Sikkerhet stikks.png

Om oss Elsikkerhet Vest

Elsikkerhet Vest AS er eit sakkyndig selskap som arbeider med kontroll og kontroll av elektriske anlegg i bustader og verksemder på Vestlandet og i Møre og Romsdal.

​

Me utfører lovpålagde kontroll på vegner av Det lokale eltilsynet (DLE), og jobbar tett saman med netteigarane for å bidra til trygg bruk av straum i kvardagen – heime, på jobb og i samfunnet.

​

Selskapet er eigd av nettselskapa Linja, Nordvest Nett, Straumen Nett, Romsdalsnett og Elinett. Me vart opphavleg etablerte i 2002, og fekk namnet Elsikkerhet Vest i 2025 då verksemda vart utvida til å dekkje eit større geografisk område.

​

Våre medarbeidarar har høg fagkompetanse og lang erfaring innan elsikkerheit. I tillegg til kontroll utfører me òg elektroteknisk brannetterforsking i samarbeid med politiet, som ein del av det offentlege tryggleiksarbeidet.

​

Målet vårt er enkelt:
å førebyggje brannar, ulykker og skadar gjennom faglege, grundige og tillitsvekkjande kontrollar – med menneska i sentrum.

Kva inneber kontrollen?

2 Elsikkerhet Vest Sikkerhet stikks.png

Kontrollen omfattar kontroll av anlegget, vurdering av tilstand og informasjon om eventuelle avvik.

​

Formålet er å bidra til trygge elektriske anlegg i bustader og verksemder.

Elsikkerhet Vest dame - team sove godt.png

Elsikkerhet Vest AS er eit sakkyndig selskap eigd av følgjande nettselskap:

bottom of page